Sunday, November 18, 2007

UPDATES!

Det he skjedd en heil del sida sist ej skreiv i bloggen, og ej veit det e litt for lenge sida, so no e det skjerpings! Alt frå surfing til halloweenfest på ekte amerikansk vis, frå Private Pilot License til Instrument Rating og ikkje for å gløyme fallskjermhopping frå 18000 fot he stått på agendaen sida sist ej skreiv her.

For å begynne me dei viktigaste oppdateringane først, so fekk ej Private Pilot License sist fredag. Det e stort, og ej he komt over første kneika for å bli yrkesflygar. Ej kan altså gå å leige mej et fly og fly litt aleine hvis ej vil det. Litt heftig, no e ej faktisk pilot! Sjølve End Of Course eksamenen gjekk ganske bra, dog ej he venta altfor lenge på å bli ferdig. 50,3 tima og totalt 2 og en halv måned he ej brukt på PPL'en, og ej kunne faktisk klart å bli ferdig på 2 måneda hadde det gått litt fortare unna.

Endelig ferdig med PPL'en he ej begynt på Instrument Rating, som forhåpentlig vis skal gå glatt, dog det e den vanskeligaste ratingen vi som pilota må gå gjennom. Det blir veldig mykje på en gong, og veldig mykje nytt i forhold til PPL'en, men det e også det viktigaste vi går gjennom i og med at det me lære under Instrument Ratingen e relevant når me teke type rating på større fly som 737 osv.

Vi fe også opplæring i Garmin G1000 glass cockpit framover, som rett og slett e to svære tv-skjerma med all informasjon du kan tenke dej i staden for tradisjonelle instrument. Dessuten fe skulen nye fly, Diamond DA-42 som også he rein glasscockpit, men som e multi engine. Vi fe mest sansynlig opplæring i dei. Det blir mykje deilig glass-cockpit trening i framtida!

Utenom flyging he det skjedd veldig masse stort. Ej hoppa fallskjerm frå 18000 fot for drøyt ei veke sida. Man kan ikkje sette ord på kor tøft det va. Det må berre opplevast. Ellers går alt bra, livet e bedre enn aldri før, og ej føle mej ganske priviligert som faktisk utdanna mej til det ej utdanna mej til, i det deiligaste klimaet som man finne! Det ekje ofte man virkelig nyte utdanninga, og faktisk kan snakke om flyging utenom skuletida. Det he rett og slett blitt en livsstil, og det e sjef!:)

Sertifikatet fra fallskjermhoppinga:

1 comments:

Anonymous said...

Ka har skjedd i 2008,skal tru?
(Det er mamma som lurer ....)